Tau kirke blir innvia 12. september

"Sjømannskyrkja på Tau" står klar for innviing. – Dette er ikkje bare ei kyrkje, men også ei storstue for Tau og Nordre Strand. Målet er at bygget skal bli ein møteplass som pulserer av liv. Sju dager i veka, seier leiar av byggekomiteen Tore Voster til Stavanger Aftenblad.

Tau kirke blir innvia 12. september

Sidan 2005 har ein eigen komité jobba med planane for eit nytt kyrkjebygg. I 2012 munna dette arbeidet ut i ei konseptskisse som fekk tittelen “Sjømannskyrkja på Tau”. Det er arkitektar frå HBA/Ratio som fekk i oppdrag å teikna den nye kyrkja. Konseptet deira "Vaffelhjerte" vann arkitektkonkurransen.

Søndag 21. juni 2020 var det grunnsteinsnedlegging.

Kyrkja sto ferdig sommaren 2021, og innviinga skjer søndag 12. september 2021.

Her kan du sjå programmet for åpningsvekene.

Sjå flotte bilete og reportasje frå kyrkja i Stavanger Aftenblad (for abonnenter).

Nettsidene til Strand kyrkjelege fellesråd fortel om kyrkja:

Den berande ideen er at dette skal vera eit bygg med liv og aktivitet sju dagar i veka, etter mal frå sjømannskyrkjene rundt om i verda. Eit slikt bygg kan gjerne også husa kulturelle funksjonar som kulturskule og bibliotek – i tillegg til å vera ei storstove for Nordre Strand med plass til inntil 500 sitjeplassar og stort sceneparti. Prisen er førebels kalkulert til 56 millionar 2017-kroner, kor av 6 millionar skal dekkast av innsamla midlar – resten av kommunale/offentlege midlar.

Her kan du vera med å bidra til bygging av ny kyrkje på Tau.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"